Møre Ungdomsskule har fått ny rektor

Signe Urtegård blir ny rektor ved Møre Ungdomsskule frå 1. august.

Styret for Møre Ungdomsskule tilsette Urtegård i styremøte 5. februar, går det fram av ei pressemelding frå skulen.

Møre Ungdomsskule er ein kristen friskule i Ålesund som pr i dag har 4 klasser på ungdomstrinnet og totalt 102 elevar.

Signe Urtegård er 50 år, frå Giske , er utdanna lærar frå Høgskulen i Sogndal og har spesialpedagogisk utdanning frå Høgskulen i Volda. Ho har tidlegare vore rektor på ein barne og ungdomsskule i Nesseby kommune i Finnmark i 4 år. Dei siste 8 åra har Signe vore inspektør ved Valderøy barneskule i Giske kommune. Ho tek til i stillinga frå 1. august 2014 og vil då erstatte Ove Johan Kopperstad som har vore rektor sidan skulen starta i 1996.

Signe Urtegård seier at ho ser fram til å ta til i ei utfordrande og spanande stilling og gler seg til å samarbeide med elevar, foreldre og tilsette.

Styret ved skulen uttalar at dei er takksame for at Signe Urtegård har takka ja til denne viktige leiarstillinga, og dei gler seg til å utvikle skulen vidare saman med henne.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.